Karriere

Ledig stilling – elektrikar / automatikar / lærling

Ønske du å bidra til å utvikle og installere innovative tekniske løysingar på fartøy? Vi har behov for fleire montørar i Eikefjord og i Hyen. Har du erfaring som elektrikar, eller automatikar frå industri- eller skipsinstallasjonar vil vi gjerne høyre frå deg.

Eikefjord Elektro er eigd av skipsverftet Brødrene Aa (som bygge moderne og innovative hurtigbåtar i karbonfiber), vi skal tilsette fleire medarbeidarar og ser etter deg som er nøyaktig, strukturert og løysingsorientert. For oss er det eit pluss om du er en kandidat med god forståing for bruk av teknologi, du har noke innsikt i klasse og myndighetskrav innen faget du representerar og er nysgjerrig på å utvikle kompetanse og har kvalitet i din leveranse.

FINN-kode 289571639

På FINN kan du lese den fullstendige utlysinga av dei ledige jobbane. Søknadsfrist 15.5.2023

I Brødrene Aa sin karriereportal kan du sende inn søknad på ledige stillingar, sende inn open søknad eller registrere deg for å få beskjed om aktuelle jobbmoglegheiter.

Vi er alltid på utkikk etter flinke fagfolk

Har du utdanning / erfaring som elektrikar eller automatikar innan industri- eller skipsinstallasjonar så ikkje nøl med å kontakte oss.

Sjølv om vi ikkje søkjer etter nye folk – så er vi alltid på utkikk etter den rette kompetansen.